Kajakkpadling med voss i bakgrunnen

VOSS

Å gå på ein vidaregåande skule på Voss, vil seie at du blir ein del av eit større skulemiljø. Voss er regionsenter for heile indre Hordaland og har i dag 5 vidaregåande skular. Samla er det nærare 1200 elevar i dei vidaregåande skulane, noko som gjev eit rikt miljø både sosialt og når det gjeld aktivitetar.

 

Som elev i den vidaregåande skulen på Voss vil du kunna ta del i eller oppleve aktivitetar. Både når det gjeld sport, kultur og andre fritidaktivitetar er det mykje å velja i.