
For dei som ønskjer å bli toppidrettsutøvar er det viktigast kor mykje tid det er til trening og at treninga har høg kvalitet. På Voss gymnas er timeplanen lagt opp slik at det er trening tirsdag og torsdag før lunsj og onsdag etter lunsj. Dei to treningane på føremiddag fører til at elevane kan få lagt inn ei ekstra treningsøkt på kveldstid.
På timeplanen er det lagt inn 10 timar med trening kvar veke. I sesongen utvidar me dette til 12 timar. I tillegg er det ca kvar fjerde fredag fagdag i idrett. Dvs at heile dagen er sett av til å drive idretten din.
Utover dette er det på toppidrettslina 4 samlingsveker gjennom skuleåret. Desse har me i oktober, november, desember og i januar. I fjor hadde me også ei samling på slutten av sesongen for alpint.
I løpet av eit skuleår får du på Voss gymnas om lag 70 dagar på ski. Mange av elevane supplerer dette med skidagar om sommaren.
Voss gymnas er ein gamal skule med lang tradisjon. Her har mange vinnarar av medaljar innan både OL, VM og verdscup gått tidlegare. Voss er faktisk bygda med flest OL og VM vinnarar i vintersport i landet.
På toppidrettslina er det ein kombinasjon av praktiske og teoretiske idrettsfag. I tillegg til 10 timar idrett har du også faga treningslære, treningsleiing og idrett og samfunn.
På toppidrettslina er det 4 årlege samlingsveker. Desse har me i månadane oktober, november, desember og januar. Elevane dreg då dit snøforholda er gode, anten innlands eller til utlandet.
Tildleg haust og sein vår er det barmarkstrening, mellom anna i Voss idrettshall. Utanom samlingsvekene trenar me på ski i alpinanlegga og skisentra i og rundt Voss