For å gjera skuledagen så bra som mogleg for elevane er fleire aktivitetar og tiltak tilgjengelege.

Skulen har eiga kantine som ein gong i veka serverer varm mat, medan den nye salatbaren er eit godt tilbod andre dagar.

Dei vidaregåande skulane på Voss har ein eigen hybelkoordinator. Han hjelper til med å skaffa deg hybel. Skulen organiserer også køyring av elevane på kveldstid til enkelte av treningsområda.
 

Eigen kantine

Gymnaset har kantine med salatbar og der du får varm mat ein gong i veka.

Trening på kveldstid

For alle disiplinar er det høve for kveldstrening også i vintersesongen. Det er lysløyper tilgjengeleg fleie plassar på Voss.

Samarbeid med idrettslaga

Gymnaset har eit tett samarbeid med dei lokale klubbane. Tilbod i klubbregi vert flittig brukt av elevar.

I buss til trening og samling

Skulen disponerar eigne bussar som sikrar effektiv transport til treningsarenaene i bygda.