Voss Gymnas, Oktober 2009

VOSS GYMNAS

Heilt sidan starten for vel 75 år sidan har Voss gymnas hatt allmenne fag på undervisningsplanen. I tråd med Kunnskapsløftet tilbyr skulen i dag ulike utdanningsprogram. Dette er innan studiespelsialisernande fag, slik som realfag og språk, samfunnsfag og økonomi, innan idrett, der vi tilbyr både breidde- og toppidrett og til slutt innan musikk.

 

Utdanningsprogram for idrettsfag har gradvis utvida tilbodet sitt. Innan breiddeidrett har vi fotball, handball og snøbrett og på toppidrett har vi alpin, freestyle, langrenn og skiskyting. Voss gymnas har om lag 350 elevar fordelt på dei tre studieretningane, og om lag 50 lærarar.

 

LÆREMILJØET PÅ VOSS GYMNAS

Studiemiljøet

Voss Gymnas er ein gamal skule med solide faglege tradisjonar, men vi skal også vere ein skule for framtida.

 

> Les Meir

 

VOSS - VINTERBYGDA MED DEI GODE TILHØVA

Voss - Vinterbygda

Voss er ein plass med fantastiske treningsmogelegheiter for den som vil satsa på vinteridrett. Bygda er godt utrusta med spennande alpine anlegg og skiløyper.

> Les Meir

STUDIERETNINGAR PÅ TOPPIDRETT

Studieretningar

Voss Gymnas satsar på å utvikle toppidrettsutøvarar. Vi tilbyr eit alternativ med heilårleg trening for å utvikle kvar enkel utøvar til å oppnå sine mål.

> Les Meir

BESØK VOG SINE HEIMESIDER

Les Meir

På heimesidene til Voss gymnas kan du finne meir informasjon om skulen og studieretningane.

 

> Les Meir