Skiskyting

SKISKYTING

Voss har svært lange tradisjonar innan skiskyting og har hatt løparar i verdstoppen i fleire tiår. Dei stolte tradisjonane lev vidare gjennom unge lovande løparar, og fleire av dei går på skulen no. Voss har ein god treningsarena på Voss tur og skisenter. Her er det eit omfattande løypenett som gjev gode treningsforhold og ein fullverdig skiskyttararena.


Skiskyttarane våre blir trent av både Kristen Skjeldal og Gisle Fenne. Den fysiske biten har dei ilag med langrennsløparane, medan det skytetekniske er Gisle Fenne sitt hovudansvar.

LÆREMILJØET PÅ VOSS GYMNAS

Studiemiljøet

Voss Gymnas er ein gamal skule med solide faglege tradisjonar, men vi skal også vere ein skule for framtida.

 

> Les Meir

LES MEIR OM UTDANNINGSPROGRAMMET

Les Meir

På heimesidene til Voss gymnas kan du lese meir detaljert om kva du skal gjennom av programfag på di studieretning.

 

> Les Meir 

VOSS - VINTERBYGDA MED DEI GODE TILHØVA

Voss - Vinterbygda

Voss er ein plass med fantastiske treningsmogelegheiter for den som vil satsa på vinteridrett. Bygda er godt utrusta med spennande alpine anlegg og skiløyper.

> Les Meir

 

OL-VINNAR SOM TRENAR OG LÆRAR

Kristen Skjeldal

Langrenn og skiskyting er så heldige å ha den tidlegare OL-Vinnaren Kristen Skjeldal som trenar. Han anbefalar alle som ynskjer å satsa på skiskyting å koma til Voss gymnas.