
Voss Gymnas er ein gamal skule med solide faglege tradisjonar, men vi skal også vere ein skule for framtida. Du vil få arbeide med fagstoffet på mange måtar, lære teori og gjere praktisk arbeid, lese bøker og arbeide digitalt, arbeide åleine og i grupper, framføre arbeide ditt og bli testa og vurdert – eit stort mangfald i skolekvardagen. Noko vil passe deg fint og gå som ein leik, anna vil krevje større eigeninnsats og pågangsmot. Du skal bli utfordra i skulekvardagen!
Det som er sikkert er at du kjem hit for å lære, det er det som blir ditt arbeid. Læringa skjer inni ditt hovud! Kom til Voss gymnas, ta utfordringane, og få nokre innhaldsrike år i eit spennande miljø.

Voss Gymnas satsar på å utvikle toppidrettsutøvarar. Vi tilbyr eit alternativ med heilårleg trening for å utvikle kvar enkel utøvar til å oppnå sine mål.

Voss er ein plass med fantastiske treningsmogelegheiter for den som vil satsa på vinteridrett. Bygda er godt utrusta med spennande alpine anlegg og skiløyper.

Voss gymnas har om lag 350 elevar fordelt på dei tre studieretningane studiespesialisering, idrett og musikk, og om lag 50 lærarar.

På heimesidene til Voss gymnas kan du finne meir informasjon om skulen og studieretningane.