
Freestylelinja på Voss Gymnas legg til rette for deg som vil satsa på kulekøyring. Mange gode freestylerar har gått denne linja opp gjennom åra.
Om våren og hausten er det eit godt barmarkstilbod på skulen med tre trenerar, der freestyle og alpint ofte trener saman. Aktiviteten foregår både ute og inne tre dagar i veka. Mykje av fokuset på treninga er styrke, bevegeligheit og akrobatikk. Ein vil og få med seg mykje nyttig kunnskap om trening til vidare bruk etter ein er ferdig på gymnaset.
Moglegheitene for trening om vinteren er optimale, då det ligg ein fin kulebakke på 210 meter i Tråstølen i Voss Resort.

Voss Gymnas er ein gamal skule med solide faglege tradisjonar, men vi skal også vere ein skule for framtida.

På heimesidene til Voss gymnas kan du lese meir detaljert om kva du skal gjennom av programfag på di studieretning.

Voss er ein plass med fantastiske treningsmogelegheiter for den som vil satsa på vinteridrett. Bygda er godt utrusta med spennande alpine anlegg og skiløyper.

Voss gymnas har om lag 350 elevar fordelt på dei tre studieretningane studiespesialisering, idrett og musikk, og om lag 50 lærarar.